Personer:
(1) Severin Haugen Sandsbakk
(2) Askjel Skare
(3) Ole S. Dyrkoren
(4) O.B. Kvasnes
(5) Gerhard Bringsvor
(6) Ingeborg Johanne Bringsvor
(7) Anna Gerhardsd. Kinden Støyle
(8) Dikka Sandvik
(9) Kamilla Skare
(10) Berte Olsen
(11) Malene Redse
Bildetekst:
Tyske born på Sandsøya etter 1.verdskrig. I fremste rekkje sit to tyske diakonisser som var med borna.

I 1969 - 50 år etter, var to av borna igjen på vitjing for å takke for opphaldet dei som krigsborn hadde fått på Sandsøya. Frå den same fotograferinga ser ein på bilde nr. 2107 og 2105

ID: SASf-001.2356 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Motiv: Gruppe Årstal: 1919

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
21.02.2015 Arthur Vestnes Frå artikkel i Vestlandsnytt 23.12.2014 - Marit Pauline Kvalsvik: Nokre av dei tyske borna i 1919 saman med hjelparane frå Sandsøy. Bak frå venstre: Severin Haugen Sandsbakk, Askjel Skare, Ole S. Dyrkoren, sokneprest O.B. Kvasnes, Gerhard Bringsvor, Ingeborg Johanne Bringsvor, Anna Gerhardsd. Kinden Støyle, Dikka Sandvik som stelte med borna, Kamilla Skare, Berte Olsen (i Leina). Malene Redse (i forkle). Fremst to diakonisser/ sjukepleiarar som var med borna. Foto: Olaf Storegjerde. Utlån og kjelde for namna: Storegjerdesamlinga ved Arthur Vestnes. På bildet står ein gut i rekkje nummer to, som nummer tre frå venstre. Han har ikkje kvit krage, slik som dei tyske borna, og har ein slags hatt på hovudet. Guten er ikkje med på eit anna bilde som Storegjerde tok samstundes, og som finst på Storegjerdesamlinga på internett. Mi hypotese er at denne guten høyrde til i Sande. Eg tippar at guten er fødd kring 1910. Så er mitt spørsmål om det er nokon som kjenner til opplysningar om dette bildet og kva hus dei står utanfor m.m. Dei som nyttar facebook kan kanskje hjelpe til med å skaffe opplysningar om dette?