Bildetekst:
Bildet stod i Vestlandsnytt i juli 2010. Her står:

Selieset - Gnr. 89 Bnr. 1
"I arkivet finst det frå før ingen informasjon om dette bildet. Erling Aurvoll på nabobruk.et har gitt oss litt informasjon om kva som viser på bildet. Det kan vere teke rundt 1930.

Aurvoll fortel at han sjølv har stått og selt Myklebrus på den overbygde løebrua under dei storslagne Gurskedalsbasarane som var på topp for om lag 50-60 år sidan. I Segn og Soge frå 1993 har Arne Peder Kjelsvik skrive litt om desse spesielle basarane som i si glanstid var som eit stort stemne.

Gurskedalsgrenda hadde to misjonsforeiningar. Folket på Holte og Brekke arbeidde for N.M.S og dei på Aurvoll, Seljeset og Skoge arbeidde for Indremisjonen. Men dei årvisse «Dalebasarane» var dei to foreiningane saman om. Etter det ein forstår vart overskotet frå basarane broderleg delt mellom foreiningane. Basarane var årvisse og samla mykje folk. Dei vart skiftevis haldne kring jonsok på Brekke og her på denne Seljesetgarden.

Ifl.g. Sandesoga har det vore busetnad på dette bruket heilt tilbake til tidleg på 1500-talet. Den siste brukaren er i sogeboka nemnd som Ivar Knutson Seljeset (1904-1937). I 1947 vart bruket selt til Knut Halkjelsvik og Sverre D. Hauge. Etter det ein forstår nytta dei det som tilleggsbruk for eigne gardsbruk. Erling Aurvoll fortel at løa vart riven i samband med utviding av riksvegen for nokre år sidan. Våningshuset som i dag står att er eit anna enn det som viser på bildet." Ukjent informant.

ID: SASf-001.2905 Kommune: Sande
Distrikt: Gursken
Stad: Seljeset
Motiv: Tun, bygningar, Årstal: ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
08.09.2023 Bildet stod i Vestlandsnytt i juli 2010. Her står: Selieset - Gnr. 89 Bnr. 1 "I arkivet finst det frå før ingen informasjon om dette bildet. Erling Aurvoll på nabobruk.et har gitt oss litt informasjon om kva som viser på bildet. Det kan vere teke rundt 1930. Aurvoll fortel at han sjølv har stått og selt Myklebrus på den overbygde løebrua under dei storslagne Gurskedalsbasarane som var på topp for om lag 50-60 år sidan. I Segn og Soge frå 1993 har Arne Peder Kjelsvik skrive litt om desse spesielle basarane som i si glanstid var som eit stort stemne. Gurskedalsgrenda hadde to misjonsforeiningar. Folket på Holte og Brekke arbeidde for N.M.S og dei på Aurvoll, Seljeset og Skoge arbeidde for Indremisjonen. Men dei årvisse «Dalebasarane» var dei to foreiningane saman om. Etter det ein forstår vart overskotet frå basarane broderleg delt mellom foreiningane. Basarane var årvisse og samla mykje folk. Dei vart skiftevis haldne kring jonsok på Brekke og her på denne Seljesetgarden. Ifl.g. Sandesoga har det vore busetnad på dette bruket heilt tilbake til tidleg på 1500-talet. Den siste brukaren er i sogeboka nemnd som Ivar Knutson Seljeset (1904-1937). I 1947 vart bruket selt til Knut Halkjelsvik og Sverre D. Hauge. Etter det ein forstår nytta dei det som tilleggsbruk for eigne gardsbruk. Erling Aurvoll fortel at løa vart riven i samband med utviding av riksvegen for nokre år sidan. Våningshuset som i dag står att er eit anna enn det som viser på bildet."
09.08.2007 Olav Myklebust Seljeset???