Bildetekst:
Frå Indre-Støylane på sørsida av Kvamsøya. Huset i forgrunnen til venstre vart oppført i 1910 og tilhøyrde Jørgen Ervik.

Frå dette bruket kom Ervik-brørne som stod bak reiarlaget for fiskebåtane: Smaragd, Juvel og Labrador mm.

Utsikta innover på sørsida av Kvamsøya er mot Myren, Hatlebrekke, Kvia og Neskleiva. Toppen på fjellet i bakgrunnen er Nystøyhornet. Under denne toppen ser ein Hesthammaren på Kvamsøya. Frå det punktet har ein god utsikt nedover til Lynget som området nedanfor vert kalla.
(Informant: Arthur Vestnes).

ID: SASf-001.2632 Kommune: Sande
Distrikt: Kvamsøya
Stad: Kvamsøya, Indre-Støylane
Motiv: Landskap Årstal: Om lag 1915