Personer:
(1) Ingrid K. Vik
(2) Liv K. Vik
(3) Kirsten Øvregård
(5) Ingrid Øvregård
(6) Olivia Øvregård
Bildetekst:
Ingrid med Liv på fanget. Ei tenestejente frå Ørsta held Kirsten. (Informant: Arthur Vik Myklebust). Fremst sit Ingrid K. Vik frå Ulasgarden (88.09) med systera på fanget. Bak dei ser vi tvillingane Kirsten og Olivia Øvregård. Kirsten skal altså vere småjenta til venstre, og Olivia sit på armen til storesyster Ingrid K. Øvregård, som var nest eldst i barneflokken på Øvstegards-haugane (88.01). Tvillingane var fødde 17. april 1928 på kvinneklinikken ved Haukeland i Bergen, og mor deira, Olivia Flø Øvregård, døde der 11. mai. Olivia og tvillingane kom tilbake til Vanylven med båt, og 18. mai 1928 vart Olivia gravlagd ved Syvde kyrkje. Same dag vart tvillingane døypte der. Enkjemannen, Knut, sat då igjen åleine med 11 born i alderen frå 1 mnd. på tvillingane og opp til 17 år på den eldste jenta. (Informant: Jostein Nordvik.)

ID: SASf-001.0258 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Øvstegardshaugane
Motiv: GruppeU6, kvinner, jenter, tvillingar, Tidsrom: 1928 - 1929

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
21.01.2009 Jostein Nordvik Namnet på tvillingjenta som tenestetausa held, er Olivia Øvregård. Mor til tvillingane var Olivia (Flø) Øvregård, og mora døydde kort etter fødselen. Olivia vart med tida gift i Pålgarden i Vik (gbnr 88/6).