Personer:
(1) Severin Haugen Sandsbakk
(2) Askjel Skare
(3) Ole S Dyrkoren
(4) Sokneprest O. B. Kvasnes
(5) Gerhard Bringsvor
(6) Ingeborg Johanne Bringsvor
(7) Anna Sætre (usikker)
(8) Dikka Sandvik
(9) Kamilla Skare
(10) Berte Olsen
(11) Malene Redse
Bildetekst:
Tyske barn på Sandsøya etter 1.verdenskrig. I første rekkje sit to tyske diakonisser som var med borna. I 1969 - 50 år etter, var to av borna igjen på vitjing for å takke for det opphaldet dei som krigsborn hadde fått på Sandsøya.

Frå den same fotograferinga ser ein på bilde nr. 2107 og 2356.

Guten som er kommentert under: med ein slags hatt og uten den kvite kragen som dei tyske borna. Han er sonen til presten og heiter Joakim el. Joachim Kvasnes og er fødd 7/10 1907 jamfør Sandesoga II, s. 145.
Ein finn igjen fjeset hans på fleire andre bilde, bl. a. nr. 30, 394, 555 og 810. (Informant Liv Margit Ertesvåg)

ID: SASf-001.2105 Kommune: Sande
Distrikt: Sandsøya
Stad: Sandsøya, Sandshamn
Motiv: Gruppe Tidsrom: 1919 -

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
18.09.2015 Asbjørn Vorren Huset dei står utanfor er Fiskarheimen på Sandshamna,slik han var då han blei oppsett her. Anna G.Støyle Kinden er ikkje på bildet. Ho var fødd 1905 og er då 14 år. Ein meiner det kan vere Anna Sætre.
20.07.2015 Liv Margit Ertesvåg Guten som er kommentert under: med ein slags hatt og uten den kvite kragen som dei tyske borna. Han er sonen til presten og heiter Joakim el. Joachim Kvasnes og er fødd 7/10 1907 jamfør Sandesoga II, s. 145. Ein finn igjen fjeset hans på fleire andre bilde, bl. a. nr. 30, 394, 555 og 810.
02.01.2015 Arthur Vestnes Frå artikkel i Vestlandsnytt 23.12.2014 - Marit Pauline Kvalsvik: Nokre av dei tyske borna i 1919 saman med hjelparane frå Sandsøy. Bak frå venstre: Severin Haugen Sandsbakk, Askjel Skare, Ole S. Dyrkoren, sokneprest O.B. Kvasnes, Gerhard Bringsvor, Ingeborg Johanne Bringsvor, Anna Gerhardsd. Kinden Støyle, Dikka Sandvik som stelte med borna, Kamilla Skare, Berte Olsen (i Leina). Malene Redse (i forkle). Fremst to diakonisser/ sjukepleiarar som var med borna. Foto: Olaf Storegjerde. Utlån og kjelde for namna: Storegjerdesamlinga ved Arthur Vestnes. På bildet står ein gut i rekkje nummer to, som nummer tre frå venstre. Han har ikkje kvit krage, slik som dei tyske borna, og har ein slags hatt på hovudet. Guten er ikkje med på eit anna bilde som Storegjerde tok samstundes, og som finst på Storegjerdesamlinga på internett. Mi hypotese er at denne guten høyrde til i Sande. Eg tippar at guten er fødd kring 1910. Så er mitt spørsmål om det er nokon som kjenner til opplysningar om dette bildet og kva hus dei står utanfor m.m. Dei som nyttar facebook kan kanskje hjelpe til med å skaffe opplysningar om dette?