ID: SASf-001.2088 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Rovde |
Motiv: Portrett2, menn, brødre, | Årstal: ukjent |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
26.02.2011 | Oddvin Hoff | Vedr. FAKf-100100.112939 blir desse to i ein kommentar frå Hallvard Liseth Slettevoll nemnde som brørne Daniel og Andreas D. Liseth, der det også blir nemnt at Andreas var lærar som busette seg på Halsnøy. (Andreas var elles f. 13/7 1871, og må ikkje forvekslast med ein bror med same namn som vart f. 1863, men døydde i 1866.) Når det gjeld dette bilde, er det nok same brørne som Hallvard Liset Slettevoll nemner, men her er Daniel Elias Danielsen Liseth, f. 16/10 1861, å finne til høgre. (Sjå også FAKf-100530.234515 - Daniel Liseth Dei 2 brørne var ganske like, men sistnemnde bilde stadfester igrunn kven som er kven av dei to.) Som broren Andreas, var også Daniel lærar - og dertil klokkar. Gift 1. g. 24/7 - 1887 med Sara Margrethe Martinsd. Årvik, f. 11/12 -1863, d. 6/5 1910. Han og Sara budde ei tid bl.a. i Vikum, Stedje, Sogndal i Sogn og Fjordane, der minst to av borna vart fødde - og eitt barn fødd på Avaldsnes i Hordaland? Daniel og Sara kom tilbake til Strandabø, Rovde ca.1893. -- Daniel gift 2. g. 27/9 1915 med Berte Paulsd. Aarskog, Rovde, f. 23/4 1874, og han flytta då til Årset, Rovde. Med Berthe hadde han elles dottera, Sara Dorthe, f. 9/7 - 1916. (som også er avbilda i Fylkesfoarkivet.) (Informant: Oddvin Hoff) |