ID: SASf-001.3475 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Sørbrandal |
Stad: Børevatnet |
Motiv: Gruppe | Årstal: ukjent |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
27.05.2015 | Harald Brandal | Eg minns ikkje no grunnen til samlinga, men det kan ha vore i tilknytning til eit eller anna i samband med utbygginga av kraftverket i Brandal (Sørbrandal). Som sagt kjenner eg att fleire av dei som er med, men grunna oppstillinga er vandt å peika dei ut. Ei som er lett, er den eldre kvinna med skaut som sit ved ved stolen. Det er Marta Halle (Stranda-Marta, som vi sa). Ho heitte opprinneleg Marta Jakobsdt. Sætre (Y 5), fødd 1875. Gift først med Ole Nilsson Djupvik (Stauregjerde 1), seinare oppatgift med Rasmus Andreasson Halle (I 4). Dei budde i Brandal (gnr.132, bnr.8) frå 1914 til 1924, derav namned Strand-Marta. Dei flytta deretter til Halle I 4. Marta var ofte og vitja heime hjå oss på sine eldre dagar. Det er mange folk på biletet frå Brandal og Lidane med her, og med betre oppløysing kunne mange fleire bli namngjevne. |
25.05.2015 | Harald Brandal | Brandals-folk ved Børevatnet. Fleire kjende, m.a. Kamilla (Milla) Brandal i framme i høgre biletkant, bak Stranda-Marta som sit bak stolen. Diverre er biletet litt for 'småstilt' til å tyda alle. Biletet må ha vore teke kring 1950. (eg var sjølv med på dette biletet). ************** Kommentar og spørsmål frå Storegjerdesamlinga til Harald før publisering: I kva høve vart bilde teke? Var det ein vanleg søndagstur eller stemnedag? Helsing Arthur vestnes |