Personer:
(1) Anna Ivarsd. Molvik Kobbevik
(2) Kjartan Arnold Kobbevik
(3) Signe Gunhild Kobbevik
(4) Ingrid Oluffa Kobbevik
(5) Arnvid Elias Kobbevik
(6) Emma Amanda Kobbevik
(7) Olga Rasmine Kobbevik
(8) Arthur Einar Kobbevik
(9) Kornelius Kobbevik
(10) Rikard Olav Kobbevik
Bildetekst:
Kornelius Kobbevik med familie, hest og hund framfor hus og driftsbygningar på Søre Kobbevik, gbnr. 43/2. Kornelius var fødd i 1876 og var gift i 1898 med Anna Ivarsdotter Molvik, f. 1874. Dette bildet er brukt som illustrasjon på side 564 i Sandesoga, band II. Borna er, rekna etter alder, Ingrid Oluffa, Olga Rasmine, Arthur Einar, Signe Gunhild, Emma Amanda, Rikard Olav, Kjartan Arnold og Arnvid Elias.
(Informant: Jostein Nordvik)

Tilleggsopplysningar frå Oddrun Kobbevik Oldeide:
Oldemor Anna og oldefar Kornelius med barna. Bestemor Olga er nr 2 i søskenflokken og døde i barsel då pappa Olgar vart fødd i 1921. Ingrid, Emma, Arthur, Kjartan, Richard emigrerte til USA og vart der livet ut. Signe var og ei tid "over there", men flytta tilbake til Bergen. Arnvid, den yngste, tok over garden i Kobbevika.

ID: SASf-001.1216 Kommune: Vanylven
Distrikt: Hakallestranda
Stad: Søre Kobbevik
Motiv: Familie Årstal: omkring 1915

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
08.05.2015 Kåre Myklebust Dette er gnr 143, gnr 2 i Vanylven - Kobbevik på Hakallestranda. Kommentar etter publisering på Facebook: Oddrun Kobbevik Oldeide: "Oldemor Anna og oldefar Kornelius med barna. Bestemor Olga er nr 2 i søskenflokken og døde i barsel då pappa Olgar vart fødd i 1921. Ingrid, Emma, Arthur, Kjartan, Richard emigrerte til USA og vart der livet ut. Signe var og ei tid "over there", men flytta tilbake til Bergen. Arnvid, den yngste, tok over garden i Kobbevika".