Bildetekst:
Konfirmantane i Syvde 1940 med sokneprest Sverre Nybø på kyrkjetrappa. (Same motiv finst også på SASf-001.7073). Bildet er frå 15. september 1940, og eg har blitt fortald at sokneprest Nybø bad alle jentene om å få seg svarte eller myrke kjolar. Det lukkast ikkje for slett alle, men det vart altså ein litt "syrgjekledd" konfirmasjon denne fyrste okkupasjonshausten, ein slags politisk demonstrasjon.
Konfirmantane skal vere (frå venstre) Sigfrid Vik, Alma Bjørkelid, Gunnlaug Eidså, Arna Vik, Jorid Vik, Alvhild Nordal, Åshild Mundal, Margit Myklebust, Solveig Nordal, Helborg Sandnes og Arnhild Skår.
Bak dei står Martin Sætre, Reidar Nordal, Sverre A. Myklebust, Sigurd Landsverk, Andreas Vedlog, Asbjørn Strømmen og Magnus Eidså.
Heilt bak Vebjørn Nordal, Asbjørn Vedlog, Charles Sørdal, Mons Nygard, Kåre Brudevoll og Peder Fagervoll.
(Informant: Jostein Nordvik, Alvhild Nordal Rovde, Kåre Brudevoll).

ID: SASf-001.7072 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Motiv: Konfirmantar Syvde 1940 Årstal: 1940