Bildetekst:
Personane på bildet var truleg busett i nabolaget til fotograf Olaf Storegjerde i Holsekerdalen, Ulsteinvik.

Frå Holsekerdalen. Inge Eltvik, mor hans Petra, søstera Lillian til høgre. Kvinna bakerst kjenner eg ikkje. (Informant: Hilde-Gunn Ringstad?)

Kvinna i bakgrunnen er sjukepleiar og heitte Astrid. Eg hugsar diverre ikkje etternamnet hennar. Ho var ein nær venn av mor og far av di ho tok seg av Inge da han låg på sjukehuset i Ålesund med difteri. Dette var i 1942.
Biletet er ikkje teke av O. Storegjerde, men med mors kassekamera - sikkert av far, Arthur Eltvik. Informant Lillian Eltvik Dyrnes.


ID: SASf-001.4512 Kommune: Ulstein
Distrikt: Ulsteinvik
Stad: Ulsteinvik, Holsekerdalen
Motiv: Familie Tidsrom: 1904 - 1955

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
02.06.2020 Lillian Eltvik Dyrnes Kvinna i bakgrunnen er sjukepleiar og heitte Astrid. Eg hugsar diverre ikkje etternamnet hennar. Ho var ein nær venn av mor og far av di ho tok seg av Inge da han låg på sjukehuset i Ålesund med difteri. Dette var i 1942. Biletet er ikkje teke av o. Storegjerde, men med mors kassekamera - sikkert av far, Arthur Eltvik
01.09.2015 Guri Alme Hilde-Gunn Ringstad, Inge Eltvik, mor hans Petra, søstera Lillian. Kvinna bakerst kjenne eg ikkje. Frå Holsekerdalen