Personer:
(1) Jenny Johansdotter Nupen (f. 1898)
(2) Alma Severinsdotter Halle
(3) Andrea Pettersdotter Halle (f. 1897)
(4) Sigrid Andreasdotter Storegjerde (f. 1898)
(5) Milla Matiasdotter Krogen ? (f. 1898)
(6) Ely Jakobson Halle? (f. 1895)
(6) Paul Storegjerde ?
(7) Dankert Johanson Nupen (f. 1895)
(8) Daniel Jakobson Halle (f. 1898)
(9) Ole Kristian Madsson Venge (f. 1894)
(10) Eugen Halle (f. 1897)
(11) Ukjend
(12) Ukjend
(13) Dikka Matiasdotter Krogen ? (f. 1893)
(14) Lars Andreasson Storegjerde (f. 1895)
(15) Anton Petterson Halle (f. 1892)
(16) Olai Olson Halle (f. 1892)
(17) Paul Andreas Eliasson Storegjerde (f. 1892)
(18) Ludvig Storegjerde ? (f. 1892)
(?) Aktuelt namn: Alma Severinsdotter Halle (f. 1896)
(?) Aktuelt namn: Berta Olaisdotter Nygård (f. 1893)
(?) Aktuelt namn: Eugen Hansson Halle (f. 1897)
(?) Aktuelt namn: Paula Pettersdotter Halle (f. 1894)
(?) Aktuelt namn: Rikard Severinson Halle (f. 1898)
Bildetekst:
Liv Margit Ertesvåg meier dette er ei skuleklasse ved Hallebygda skule og har kome fram til namna som viser nedanfor. (På eige tiltak har Storegjerdesamlinga lagt hennar e-post inn som brukarmelding).

ID: SASf-001.2688 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Hallebygda
Motiv: Barn, gruppe, skulekasse, Reg: AJV Årstal: 1905

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
09.08.2015 Egil Rødskar Nr 9 er oldefar min Ole Kristian Madsson Venge, adoptivson til Even Venge busett på Ytre Halle nr 4. Monsson som er brukt i sandesoga er ikkje rett.
21.04.2015 Marte Storegjerde Nummer 10 er Eugen Halle født 1897. Nummer 18 kan vere Ludvig Storegjerde født 1892, bror til fotografen.
25.03.2015 Storegjerdesamlinga v/Arthur Vestnes Dette har vore eit «nauta kjekt» bilde å jobbe med! No har eg faktisk «tråla» Sandesoga (eg likar sogebøker!  ) etter ungar i Hallebygda fødde i tidsromet 1892 -1898. Og utifrå andre bilde der desse ungane er eldre har eg klart og plassere enda fleire av dei. Desse er eg sikre på (men eg er open for at eg sjølvsagt kan ta feil!) : (1) Jenny Johansdotter Nupen f. 1898 (6) Ely Jakobson Halle f. 1895 (7) Dankert Johanson Nupen f. 1895 (8) Daniel Jakobson Halle f. 1898 (9) Ole Kristian Monsson Venge f. 1894 (14) Lars Andreasson Storegjerde f. 1895 (15) Anton Petterson Halle f. 1892 (17) Paul Andreas Eliasson Storegjerde f. 1892 Dei neste lurer eg på om kan vere to av systrene Krogen: (5) Milla Matiasdotter Krogen f. 1898 (13) Dikka Matiasdotter Krogen f. 1893 Og her kjem resten av namna eg fann, men som eg ikkje har klart og feste til rett ansikt: -Eugen Hansson Halle f. 1897 -Alma Severinsdotter Halle f. 1896 -Rikard Severinson Halle f. 1898 -Paula Pettersdotter Halle f. 1894 -Berta Olaisdotter Nygård f. 1893 Så gjenstår det og sjå om noken annen kan hjelpe med resten... Mvh Liv Margit
24.03.2015 Liv Margit Ertesvåg Eg vil tru at dette er heile skulen i Hallebygda, når ein ser på fødselsåra. Av dei tre ungane som hittil er identifiserte er det eit spenn på 7 år, og det stemmer no med skulegongen den tida. I fremste rekke har ein dei yngste, sikkert både 1. og 2. klassingar. Og i bakerste rekke dei eldste. Dette kan då kanskje ha vore rundt 1905/1906 ?
21.03.2015 Liv Margit Ertesvåg (3) Andrea Pettersdotter Halle f.1897, (4) Sigrid Andreasdotter Storegjerde f.1898, (16) Olai Olson Halle f.1892