Personer:
(1) Frå venstre: Amanda S. Storegjerde (g. Nesset)
(2) Anna Borghild Halle (g. Gimnes)
(3) Kamilla Halle (g. Seland)
Bildetekst:
Desse tre unge damene er omtrent jamgamle, fødde i åra 1906 og 1907. Ein finn dei igjen i eit av skulebilda her i Storegjerdesamlinga, bilde nr. 6251. Der står dei i bakre rekke som nr. 8, 9 og 11.

Fotografen var onkel til Amanda. Ho gifta seg med Kaspar Nesset, reiste til Amerika 1930, busett Seattle i Washington (Sandesoga band II, s. 89).

Anna Borghild Halle var dotter av Petra og Peter Halle. Ho gifta seg med Torvald
Hansson Gimnes, busett Tustna (Sandesoga bandII, s. 36).

Kamilla var dotter av Lovise og Severin Halle. Ho vart gift Seland, men skild. Busett Oslo (Sandesoga band II, s. 59).

ID: SASf-001.1502 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Hallebygda
Motiv: Portrett Årstal: Ukjent

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
15.10.2015 Liv Margit Ertesvåg Desse tre unge damene er omtrent jamgamle, fødde i åra 1906 og 1907. Ein finn dei igjen i eit av skulebilda her i Storegjerdesamlinga, bilde nr. 6251. Der står dei i bakre rekke som nr. 8, 9 og 11. - Fotografen var onkel til Amanda. Ho gifta seg med Kaspar Nesset, reiste til Amerika 1930, busett Seattle i Washington (Sandesoga band II, s. 89). - Anna Borghild Halle var dotter av Petra og Peter Halle. Ho gifta seg med Torvald Hansson Gimnes, busett Tustna (Sandesoga bandII, s. 36). -Kamilla var dotter av Lovise og Severin Halle. Ho vart gift Seland, men skild. Busett Oslo (Sandesoga band II, s. 59).
09.10.2015 Liv Margit Ertesvåg Startar ein frå venstre skal Amanda vere nr. 1