Bildetekst:
Utsikt mot Hallebygda frå Storehaugen. Hallevatnet til venstre. Storehaugen ligg utanfor venstre biletkant. Dette er utsikta frå Hallebygdvegskiftet, korrigerer informant Per Kristian Halle.
**************
Har studert det gamle bildet frå indre Hallebygda. Fotografen har stilt
seg opp på toppen av haugen sydvest for Hallebygdvegskiftet, kalla
Skigardshaugen, som den gongen ikkje var kledd med storvaksen fureskog
slik som i dag. Så langt eg kan sjå av bygningar på bildet og
bygningsopplysningar i Sandesoga, må bildet vere frå mellom 1904 og
1907. Hallebygdvegen var då heilt nybygd, noko ein ser av dei lyse
steinskråningane langs vegen. Eg har også sett fleire andre foto frå
same stad i samlinga.

ID: SASf-001.0198 Kommune: Sande
Distrikt: Hallebygda
Stad: Hallebygda
Motiv: Landskap Tidsrom: 1904 - 1907

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
04.10.2005 Per Kristian Halle Storehaugen ligg utanfor vestre biletkant. Dette er utsikta frå Hallebygdvegskiftet.