Personer:
(?) Johan Olafsson Nordvik
Bildetekst:
Garden Norvik i Syvde. Når biletet er forstørra, kan vi sjå ein liten gut (3-4 år??) ved treet framfor uthuset. Han er sikkert identifisert som Johan Olafsson Opsal, som vart adoptert av tanta og onkelen (Petrine og Johannes) i Norvika. Petrine var systera til Petra Opsal, og tok over stellet av den nyleg fødde Johan då Petra vart alvorleg sjuk. Petrine og Johannes Norvik var barnlause, og Johan vart seinare adoptert av dei. Johan var fødd i 1909, og dette biletet må vere teke få år etter. (Informant: Jostein Nordvik)

ID: SASf-001.1855 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Norvik
Motiv: Tun, bygningar, Reg: JNO Tidsrom: 1911 - 1913