Bildetekst:
Handelstaden Vika (89.37) i Syvde. Eigedomen var frådelt 89.18 i 1898. Peder A. Myklebust (30) tok til med handel 1899 og dreiv til 1904. Olai M. Rønnestad, Eidså, tok over i 1904, og dreiv til 1918, då Syvde Handelslag kjøpte staden. Det vart reist ein andre etasje på buda, der staten lagra korn i 1918-1919. I andre etasje i buda hadde Syvde heradsstyre møterom. Også under andre verdskrigen var det mjøllager i sjøbuda. Handelslaget dreiv butikk her til nov. 1953, då ny butikk var reist på Røysa. Ved kaia ligg Søndmørske "D/S Storfjord" i Bergens-rute. Søndmørske selde båten i 1918, og biletet er truleg teke før 1918. Ved bygging av ny riksveg i 1980, vart husa rivne og kaia seld. (Informant: Syvde sogelag).

ID: SASf-001.1469 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Vika
Motiv: Landskap, rutebåt, handelsstad, Reg: JNO Årstal: 1918