ID: SASf-001.0167 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Syvde |
Stad: Vik, Mjeltebakken |
Motiv: Gruppe5, kvinner, mann, | Årstal: 1906 |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
07.10.2005 | Jostein Nordvik | Dama heilt til høgre på biletet er Berte Berntsd. Halle, f. 1887, som var gift med Ole og budde på Vik 88/8 til ho døde i 1968. |
29.10.2005 | Jostein Nordvik | Som meldt tidlegare har Berte Berntsdatter Halle ikkje hatt namnet Ulvestad. (Det er truleg ei samanblanding med Berte K. Ulvestad som var gift med Ole L. Vik på gbnr. 88/18 i Syvde). Det er heller ikkje rett at Anna P. Vik Åmelfot er med på dette biletet. Ho og kom frå gbnr. 88/14 i Vik, og var på dette tidspunktet 15-16 år. Vidare er det lite truleg at nokon på biletet er Marie O. Skår Vik. Derimot er det sannsynleg at ei av dei eldre kvinnene er Marie O. Vik, mor til Ole, Ho var fødd på Øvstegarden (gbnr. 88/1 i Syvde). Ho var fyrst gift på 88/7 og fekk ein son - Andreas - i fyrste ekteskap. Så vart ho enkje og gifte seg opp att med Ole B. Nordal, og dei fekk skilt frå og flytte til gbnr. 88/8 då Andreas overtok farsgarden på nr. 7. |