Bildetekst:
Dette er Paul J. Fatnes frå Sand i Rogaland, og kona Agnes Helene. Dette bildet er teke av Sande-fotografen Olaf K. Storegjerde, truleg rundt 1925. Paul Fatnes er elles avbilda på fleire konfirmantbilde frå Sande og Vanylven i 1920-åra, men han har så langt vi veit ikkje vore fast tilsett i noko av desse prestegjelda. Frå 1915 og framover på -20-talet var det vanskeleg å få prestar til prestegjelda på Nord-Vestlandet, og det var fleire år ein måtte improvisere med konfirmantundervisninga og konfirmasjonane både i Syvde og Vanylven sokn, og kanskje også i Sande. Paul Fatnes var fyrst på 1900-talet i USA, der han møtte kona: Agnes Helene Larson, fødd i Wiconsin, der dei gifte seg og fekk to døtre (1901 og 1903). Seinare reiste paret til Norge, der vi altså finn dei i Sande kommune på Søre Sunnmøre på 1920-talet. Seinare reiste dei tilbake til USA, der vi finn dei igjen i Los Angeles i California. Agnes døde i der 1946, og Paul døde og vart gravlagd i Los Angeles i 1953. (Informant: Jostein Nordvik).

ID: SASf-001.5461 Kommune: Sande
Distrikt: Larsnes
Motiv: Portrett Tidsrom: 1922 - 1926

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
20.05.2020 Jostein Nordvik Dette er Paul J. Fatnes frå Sand i Rogaland, og kona Agnes Helene. Dette bildet er teke av Sande-fotografen Olaf K. Storegjerde, truleg rundt 1925. Paul Fatnes er elles avbilda på fleire konfirmantbilde frå Sande og Vanylven i 1920-åra, men han har så langt vi veit ikkje vore fast tilsett i noko av desse prestegjelda. Frå 1915 og framover på -20-talet var det vanskeleg å få prestar til prestegjelda på Nord-Vestlandet, og det var fleire år ein måtte improvisere med konfirmantundervisninga og konfirmasjonane både i Syvde og Vanylven sokn, og kanskje også i Sande. Paul Fatnes var fyrst på 1900-talet i USA, der han møtte kona: Anne Helene Larson, fødd i Wiconsin, der dei gifte seg og fekk to døtre (1901 og 1903). Seinare reiste paret til Norge, der vi altså finn dei i Sande kommune på Søre Sunnmøre på 1920-talet. Seinare reiste dei tilbake til USA, der vi finn dei igjen i Los Angeles i California. Agnes døde i der 1946, og Paul døde og vart gravlagd i Los Angeles i 1953. (Informant: Jostein Nordvik).