Personer:
(1) Johan O. Vedlog
(2) Anna K. Myklebust Vedlog
(3) Matias O. Vedlog
(4) Sara Vorren Vedlog
(5) Olai J. Vedlog
(6) Kanutte Løset Vedlog
(7) Karen O. Vedlog Frøland
(8) Rasmus Frøland
(9) Rasmus O. Vedlog
(?) Hanna Myklebust Eltvik
(?) Johanne Frøland
Bildetekst:
Frå bryllaupet til Johan O. Vedlog og Anna K. Myklebust på Rabben i Syvde. Etter biletet skulle ein tru dette var eit dobbelbryllaup, men Matias Vedlog og Sara Vorren var gifte to veker før i Sande. Så har dei venta med fotograferinga, pynta bruda på nytt, og teke eit familiebilete med to pynta brudepar! Det finst forøvring fleire bilete frå bryllaupet på Rabben, teke denne dagen med ei stor forsamling. På desse bileta har Sara ikkje på seg brudestasen, så vi ser tydeleg at denne dagen var det Anna og Johan som var i sentrum. Dei to brudejentene framme er ukjende.
(Informant: Jostein Nordvik).

Dei to brudejentene foran er Hanna Myklebust Eltvik og Johanne Frøland.
(Tilleggsinfo: Eli Nygård Kjøde.)

ID: SASf-001.1307 Kommune: Vanylven
Distrikt: Syvde
Stad: Rabben
Motiv: Bryllaup, familie, gruppeU11, Årstal: 1915

Kommentarar:
Dato Navn Kommentar
10.04.2015 Jostein Nordvik Johanne Frøland t.v. og Hanna Myklebust t.h.
10.04.2011 Eli Nygård Kjøde Dei to brudejentene foran er Hanna Myklebust Eltvik og Johanne Frøland.
10.04.2011 Eli Nygård Kjøde Dei to brudejentene foran er Hanna Myklebust Eltvik og Johanne Frøland.