ID: SASf-001.3751 |
Kommune: Vanylven |
Distrikt: Hakallestranda |
Stad: Rønnestad |
Motiv: Familie, gardstun | Årstal: Ukjent |
Dato | Navn | Kommentar |
---|---|---|
04.11.2015 | Liv Margit Ertesvåg | Kvinna til høgre er Borgny Amalie Rønnestad f. 1891, dottera til Serine og Andreas Rønnestad. Ho vart gift med Halvor Iversen, reiste til Amerika 1915, busett Washington. Under bnr. 2 RØNNESTAD i Sandesoga II, s. 664 står det: " Andreas og Anne Serine reiste 1924 til døtrene sine i Amerika." ( Kristine, ei av dei 4 døtrene til Andreas frå hans fyrste ekteskap med Berte Martinusdotter Nupen, hadde reist over i 1908). |
10.05.2015 | Kåre Myklebust | Kommentarer etter publisering på Facebook: Alf-Kåre Rønnestad: "Dette er på Rønnestad, nærare bestemt der Norunn og John har vakse opp" Randi Molvik: " John Rønnestad er noverande eigar" Else Marie Rekdal: " Dette er gamlestova i Oksavika" Personane på bildet er truleg Andreas Kornelius og kona Serine saman med ei ukjend kvinne. Dei kom frå Oksavika og flytta gamlestova der til Rønnestad. |